Friidrettsstemne på Måndalen Stadion

Postet av Vågstranda IL den 10. Sep 2014

Måndalen IL kan med glede invitere barn, ungdom og vaksne frå 5 år og oppover til banestemne på vår flotte stadion laurdag 20. september. Me håpar at så mange som mogleg vil ta turen. Me vil hjelpe den som er usikker og har lyst å prøve seg. Stemnet er i tillegg ein del av Møreaksen Cup 2014.

Øvingar:
Jenter/gutar Rekruttar, 5-9 år: 60m, lengde, liten ball (kl. 11-13.00)

Jenter/gutar 10-12 år: 60m, 600m, lengde, kule, spyd (oppstart kl 13.00)

Jenter/gutar 13-16 år og menn/kvinner senior:
100m, 200m, lengde, kule, spyd, 1500m (oppstart 13.00)

Rekruttane får 3 forsøk i hopp- og kastøvingar, medan dei resterande har 4 forsøk.
Premiering: Premiering av dei tre beste i kvar klasse eldre enn 10 år. Deltakarpremiar til rekruttar og 10-12 år.

Påmeldingsfrist: 17. september, 2014. Rekruttar kan melde seg på heilt fram til kl.10.00 på stemnedagen, men om det er mogleg blir me glad om de gjer det før.
Påmelding: via sportsadmin, på mail: hannehust@me.com , tlf: 95076204.

Startkontigent: i klassene 10-12 år kr. 50 pr øving, 13-16 / senior: kr. 70,- pr. øving. Rekruttar kr. 70 for deltaking og då deltek dei i ein eller fleire av øvingane.
Bankkonto: 3910.16.69347